Fjernhjelp

Sunnhordlandstreff i Bergen ombord på Statsraad Lehmkuhl 5. september

22 august, 2016

Knyt kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland!

5. september står hyggjelege folk frå bedrifter, kommunar og festivalar i Sunnhordland klare til å ta imot deg i Bergen!

Du er invitert til ein triveleg kveld ombord på seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Skipet ligg til kai ved Bryggen i Bergen.

 

Sunnhordlandstreffet startar kl 17:30 og er gratis.

Ombord kan du knyte kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar, det blir mat og drikke og sjølvsagt premiar og underhaldning!

Kva med å vinne festivalpass til Tysnesfest 2017, Festidalen 2017 eller ein iPad mini?

Shantymann og direktør ved Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl, Haakon S. Vatle dreg i gang stemninga!

(meir info nedanfor dei to bileta!)

God stemning på Sunnhordlandstreff!

God mat og drikke på Sunnhordlandstreff!

Arrangementet er for deg som ynskjer å bli betre kjend med moglegheitene i Sunnhordland. Kanskje du er student, eller har jobba nokre år i Bergen og lurer på å flytte?

Sikre deg plass og meld deg på no:

http://www.buisunnhordland.no/sunnhordlandstreff-i-bergen-5-september/

Abonner på vårt nyhetsbrev!